Eg såg ei skummel dame på kontoret der eg trudde sjefen va
hon prata bombe og granata og eg svara blindt nei og ja
å, mamma du va en kjærlig gud
den dama her har klør og panserhud
Eg ser skumle dame i butikken mellom kle og ski-utstyr
dei har salg og blod i blikket, eg blir redd som for en gal vampyr
dei har høge, spisse business-sko
eg ligge under helen og e gjeldsoffer no
Eg ser skumle dame øverst, øverst, under ser eg trøtte menn
eg ser Gro og Anne krangle og Sharon Stone står opp igjen
eg får tunge og øyre skåre av
eg våkna svett og uten hyrdestav
Eg såg ei skummel dame i kvite klede då eg va med doktaren
eg låg sjuk og bleik med bleik med feber og eg trudde det va slaktaren
hon hadde stikkpille på fleire mil
hon pressa dei inn med et kaldt, kaldt smil
Eg ser skumle dame til og med på høgskula og bibliotek
dei har en penn av magesyre og sinnet deira e svart som bek
dei gjere mord for en god karakter
eg ligge skjelvande på hybelen og ber
Kjære mamma kom tebake for no trur eg ikkje eg orka meir
eg e en skjør og liten gaukunge som flaksa vilt frå reir te reir
eg blir sparka ned og knust kver gong
og høgt der oppe høyre eg kvinnesong.
|