Dagane


Du såg ikkje at eg gikk med handa full av blåst eg ville sei deg alt, men orda hadde svarte hol og rose e so tunge når dei e av frost for tvilen stupte blindt i meg og skalv i våre bål du bar en blomst i deg so mørk og djup no flomma dagslys mellom våre stup og dagane jaga meg frå deg Det regna kjærtegn og små kyss frå handa di eg låna hjertet ditt og høyre mjuke vingeslag men andre horisonta glir bak panna mi og graset lyse grønt bak vår endelause dag igjåna våte smil går handa mi eg e en tjuv, men alt e fantasi og dagane springe ifrå meg Tenk om eg reiste ut og aldri kom igjen og sa at støv e alt som finns i avtrykka frå deg men eg kan’kje døyve suset i konkylien den sleppe lyset ditt ut på slettene i meg vakre dikt trenge ikkje by seg fram sann musikk e uten lyd og larm og dagane venta långt i deg

[Tilbake til hovudside]