Studio-dagbok 8-21 Oktober 2001
Veke 2



Bilete og kart over Skogsborg finn du [her]
Trykk [her] for å gå til veke 1 av innspelinga.

Knut var uheldig og knuste ei potte i kontrollrommet i dag

Gisle Børge har vore på besøk

Mån.15.10.01.

Det er vel ikkje utan grunn at ein har begrepet blåmandag. På skogsborg har skodda lagt seg over fjorden, solstrålane frå i går er blitt bytta ut med grått duskregn, alle gjestane er reiste, englane på taket har returnert, Brian har reist frå landet, bakrusen har tatt bustad i produsenten sitt hovud, virus og basseluskar har angrepet trommis og gitarist, Ragar har degradert seg sjølv til oppvaskhjelp og saksofonisten har gjort mytteri i studiodagboka.

Ein trist dag på Skogsborg?! Nei langt i frå! Vi lever på minnene frå ein innhaldsrik søndag. Først vart skogsborg innvadert av kjæresteri, dei betre halvdelane til karane kom på besøk. Deretter fresa kykkelikokos-Håkon inn på tunet i sin fantastisk flotte bil. Åse tok dei siste bildene til intervjuet sitt, litt innspeling blei gjort og etterpå var det klart for ein aldri so liten Oslo tur. Først ein betre middag på Curry & Ketchup, kor vi fekk selskap av Inge Villy og Jarle. Så kveldens store høgdepunkt: Brian Setzer på Rockefeller. "#€%&/!(=)(/&%€#!# for ein vanvittig bra konsert! Etter ein liten tur på Muddy Waters, kor også Brian var innom, var det på tide å snu nasa heimover til Skogsborg.
Men no er det måndag, og Gisle Børge Styve er komen og har spelt mykje fint tangentspel. Odd-Erik Barmen skal servere laks til middag. Takfolket er ikkje lenger eit irriterande moment, men heller ei hyggeleg vekkjarklokke som vi med godt samvit kan snu ryggen til og gå tilbake til drøymeland... ( i morgon skal dei rive pipa, og vi skal ha konkurranse.) Dagens potet: Laila Beathe Kers Pink Pimpernell Førde.

Kven er dette?

I morgon kjem blåsarane så Knut og Laila skriver notar til dei

Hedalen Byggservice river pipa så Laila går med hjelm

Tys.16.10.01. KONKURRANSE!

Svar på desse tre spørsmåla og bli med i konkurransen på fabel.net. Vinnaren får valfritt album samt T-skjorte i posten. Vi trekkjer ut yttlegare 3 stykker som også får T-skjorte. T-skjortene er forresten hjå [PGP] på Hafslo for å få eit nytt trykk på ryggen...

1. Kva for eit Fabel-medlem skjuler seg bak forkledninga på venstre side (øverst), og kva instrument spelar han/ho i gruppa?
2. Kva for eit album er låta "For Halv Maskin" på?
3. Kva heiter Fabel sitt fjerde album, og kor tid kjem det ut?
Send ditt svar [her] innan søndag 21.10.01
Vinnarane vil bli annonsert om kort tid.

Takfolket har fått eit namn; Hedalen Byggservice. Dei river pipa i dag og Laila har tatt på seg hjelm. Likevel er vi blitt vant til deira lydar no for det virkar som om dei har byrja å banke i takt med musikken. Vi er uansett takksame for at dei jobbar på taket i desse tunge regnværsdagar slik at vi kan sitte varme og tørre innandørs og lage album... jau

Gisle Børge jobbar vidare, Knut og Laila arrangerar blåsearangement, Odd-Erik har kvit dag og Roger håpar på å få lagt ut dei fyrste lydklippa i løpet av kvelden...

Laila Beathe og Even

Kåre og Vidar

Tubagut David Gald

Ons.17.10.01.BLÅSARAR

Satan gnur fortsatt taket ned i trynet på oss tidlig om morgenen. Yngve dro fra oss i dag. Ryktet forteller at han elsker Island. Hans italienske lyderstatter skjønner ikke norsk. Det er litt morsomt.

4 blåsere fra [Funky Butt] ramlet inn døra presis kl 10:00. Resultatet av 8 timer hektisk blåsevirksomhet: 6 låter. Konklusjon: Vi er fornøyde og slitne. Laila satt ved orgelet til halv seks i dag tidlig med sine blåsearrangement. Hun sovner sikkert godt og fort i kveld. Fred stakk den småsyke nesa si innom, og jaggu ble det ikke lagt på litt liflig jazzgitar også. Fred spiller hyggelig gitar. Roger har jobbet godt og grundig med mp3. Resultat: kutt fra 3 splitter nye Fabellåter du kan laste ned og nyte. Ødd har bidratt med nynning, stillestående hopp med hel skru, samt en kraftig hvitløksomelett. Planene videre ut over kvelden blir kor, kylling og kor.
Trommeslagerstemmen er sterkt redusert grunnet irriterende lang hoste-forkjølelses-feber-drit, men vi prøver likevel. I morgen kommer vibrafonen i hus. Den skal brukes flittig. Vi savner allerede Yngves høye hår, men Davide (Italia-far) har skikkelig langt kisshår. KANSKJE vi skal tulle litt med han ut over kvelden? Hilsen Knut snart 30.

Vår italienske barnevakt med sprudlande humør

Tre stykker prøver å lage strikk til vibrafonen

Tors.18.10.01.

Taket gror. Høgt og tydelig. Helvete Byggservice misjonerar vidare. Jauda. Neida. Spøk til side. Dei gjer ein god og nødvendig jobb. Honnør til dei. Vi er tørre. Alt godt.

Litt vemodig er det at Yngve har reist. Litt trist og urovekkjande for usjølvstendige barn på Skogsborg. Vår barnevakt frå Italia og Yngve sin ersattar, Hr Davide, er forøvrig ein kjernekar og gjer ein framifrå jobb med knottar og striper på dataskjermen. Sjølvsagt er det ting og avgjerdsler vi kunne ha tenkt oss å leggje i armkroken til Yngve, men dei foreldrelause klarar seg etter tilhøva bra.

Arbeidet starta i 11-tida med at Roger song nokre lyse mollstrofer på rockabilly-visa "mørk velur". Roger klarte seg bra. Sidan blei resten av dagen brukt til ymse bakgrunnsvokal, med Roger og Laila i dei sentrale rollene. Mange flotte harmoniar blei vevd inn i samanhengen. Sangduoen fekk virkelig køyrt seg. Bra jobba. Davide har og jobba framifrå og trufast. Flinke gut.

Ein bortreist Knut, entra Skogsborg i 22-tida med ein vibrafon under armen. Vibrafon er eit flott instrument. Stort og flott. Men uten strikk er det berre ein stor metallofon. Knut hadde ikkje med strikk. Vi klipte sønder jakker, hansker og øyrevarmarar til ingen nytte. Men instrumentar vil garantert fungere imorgon med strikk, og delvis i kveld uten strikk. Knut legg runde, klangfulle mettallydar på visa "ettepå", medan søvn og stjernetegn stille senkar seg over hustaket. I morgon ventar andre lydar. Det er stille, stille ettepå. Helsing Odd-Erik - enda snarare 30.

Gutta i Hedalen Byggservice

Til og med pauker vert henta til studio Skogsborg

Fre.19.10.01.

Vi er lei av å høyre oss sjølve syte og klage. Det viktigaste er at vi er tørre og i god behald. Dessutan har vi det forferdelig bra. Godt. Taktekkjerar får tekkje, vi får lage god musikk. Det synest vi at vi har greidd.

Dagens arbeid har vore ei fortsetjing av forrige dags vandring i vokalharmoniar og anna krydder. Mest åtgaum vakte kanskje Laila sitt fortreffelege vokalarr. på dagdraumereise. Klassisk, Beach Boys, Fabel i skjønn forening. Bra arbeid!

Vi krympar. Ein og ein flyttar ut frå Skogsborg. Fyrst Yngve, no Roger. Roger reiste heim til mor, Sogndal og spelejobb i 8-tida. Vel heim, gut. I kveldinga var dessutan Knut familiemann i Fredrikstad, så Laila, Odd-Erik og Davide rådde grunnen aleine. Småting og småsvir vart unnagjort, før vi ikledde oss ei bomsvart haustnatt. Hovudet fullt av ferdig og uferdig musikk. Planetar i bane rundt toneartar og idear. Prøvar å sova. Jau. Litt til. Sånn ja.

Odd-Erik i berre trusa og Hull supporter skjorte legg vokal

NRK Leidulv Sætre sin pønk reportar var innom...

Laur.20.10.01.

Ok. Det er laurdag. Englane på taket har fri. Paradis er freda. Helga er komen. Brått vert idyllen splintra av at ei vekkjarklokke ringjer. Å f.. . I dag skal eg og Knut til Oslo kl. 9. Snart viser det seg at klokka er feil, og at eg har stått opp ein time for tidleg. Trøtt. Veldig trøtt. Utanfor gaular eit kor av sinnsjuke foreldre og deira ustyrlege ungflokk. Dårleg start. Knut henta bil i Oslo, eg såg meg om etter ein banjo. Banjo blei det, og instrumentet vart sidan lagt inn i hardisken på Skogsborg. Trur det blei eit artig innslag i låtane "sommarregn" og "Dagdraumereise". Av anna studioarbeid må Knut sin fantastiske omgang med russisk kultur nemnast. Den røde armes kor i en person er herved manifistert i Knut Lothe. Bravo.

No er klokka seint. Innspelinga går mot sin uungålege endestasjon. I allefall for så lenge. Noko skal imidlertid gjerast i Bergen seinare. Litt vokal, litt dingel, litt dangel. Blanda kjensler. Lettelse for å sjå slutten. Vemod for å forlate eventyret. Skapinga. Men kanskje mest av alt er vi slitne. 14 dagar med intens jobbing. Ein frikveld. Resten seine netter. Godt arbeid. Fin musikk. Alle er nøgde. Svært nøgde. Finpuss, miksing og cover gjenstår. Musikken syng framleis ein stad inne i kroppen. Dynene ventar. Slitne kroppar legg seg for siste gong i det store kvite huset på hurumlandet.

Mette av arbeid, mette av inntrykk. Fyllde av minner og søvnige smil...



Trykk [her] for å gå til veke 1 av innspelinga.

[Tilbake til hovudside]