Studio-dagbok 8-21 Oktober 2001
Veke 1



Bilete og kart over Skogsborg finn du [her]
Trykk [her] for å gå til veke 2 av innspelinga.

Studio Skogsborg
Søn.07.10.01.

Å byrje ei plateinnspeling er vanskeleg. Svært vanskeleg. Eit par tonn med utstyr skal på plass. Avtalar skal haldast. Planar må følgjast. Flybillettar tingast o.s.v. Kva kan gå gale? Det meste eigentleg. Ei lita oppsummering: Søvnmangel. Manglande billettbestilling. Kansellerte reiseplanar. Dårleg samvit. Sinte bandmedlemmar. Ein blund. Omsider flyreise. Kjærleg kjærast. Ordning og triksing. Produsent i bilen. Bort i natta. Feil i natta. Punktering. Reservehjul, men ingen jekk. Viking. Jau. Framme 2230. Puh! Ete. Lage studio. Drikke. Godt det. Alt godt. Beach boys i headsettet. God natt.

 Ein svært ivrig produsent testar leiketrommer
Mån.08.10.01.

Ei lang dags ferd mot natt er i gong. Dagen starta hardt og brutalt med ein gladkristen, morgonfrisk Yngve på vekkingsrunde med grytelok. Yngve instruerte oss så etter frukost til å ta i bruk andre hushaldningsartiklar i innspelinga. Knut fekk tildelt laken til trommesettet og Roger Allan ein klut til demping av basstrenger. Dermed var innspelinga av låten "kvinnesinnegåta" i gong. Etter ein del knoting var store delar av verket lagra i Yngve sin harddisk. Ein groovy låt med eit anslag Morphine i botnen. Hyggjeleg. Med fynd og klem, samt energi og kåte spelmenn vart så komposisjonen "mørk velur" dundra inn på fyrste forsøk.

Dagen er kort, natta lang, entusiasmen stor. Fabel reiser vidare mot ein nattlig stasjon. Ta plass, lukk dørene, hald ut og lykke til. "Slangetime", "...og himmelen er blå" står for tur.

Laken over trommene var nødvendig for å få den riktige lyden.

Kontrollrommet

Tys.09.10.01.

I dag slapp Yngve å vekke oss. Ein gjeng sinnsjuke taktekkjerar i dårleg, utagerande humør leikte Tor med hammaren over dei sovande hovuda våre. Sinnsjukt. I tillegg hadde vi leigd inn ein pianostemmar som møtte irriterande presis opp halv ni. Jau. Yngve varta likevel opp med vekkerunde på leiketrommer.

Innspelingsdagen vart sparka i gong med låta "sommarregn", ei hyggjeleg helsing til Bergens våte, sprudlande vanvidd. Etterpå gjorde vi "ettepå". He-he. Ein melankolsk sak om backstagerommets tomme tilværelse. Alt vel. Med lunch i kroppen starta så arbeidet med landeplaga "på tide". Vi håpar at radiofolket skal fatte interesse...
Knut har vore dagens kokk, og lagde ein fortreffeleg pizza. Medan den stod i omnen omkransa vi historie om "frøken fryd". Det blei ei energi og humørfyllt oppleving. Kvelden lenar seg mot natta, og vi strikkar vidare på det digre lappeteppet som om ikkje så altfor lenge skal skal verte "smil".

Bassist i djup konsentrasjon

Laila syng gjennom nykjøpt strømpebukse på spaghettisil...

Ons.10.10.01.

Det byrjar å bli ille no. Morgonane. Vatnet renn inn, takfolket buldrar på. Ufrivillig vekking klokka åtte. Jau. Sjølv om det var solskin då vi vakna har regnet nok ein gong teke overhand. Vestlendigar kjenner seg heime. Vel, ein får komme til poenget. Fyrst takke dei som har teke turen innom heimesida vår. Kjekt med besøk. Besøk skal vi ôg få frå Firda, Bergens Tidende, Fjordenes Tidende og NRK radio og Tv.
Dagens arbeid så langt består av innspeling av songane "Bror" og "ønske seg i går", to litt melankolske spor som kanskje kan minne om ting frå vårt forrige album. Innspelingas fyrste heilgjerta vokalspor vart førøvrig festa til mac med "bror". Trur det blei fint. Klokka nærmar seg halv ti og arbeidsøktene er langt frå over. Planen er å gjere to grunninnspelingar til før vi gjer oss hen til draumane (so lenge det varer...).
Roger pustar dårleg samvit i nakken min. Han minner meg på at all mail diverre ikkje kan besvarast på grunn av tidsmangel. Mykje å gjere her. Mykje er gjort. Meir gjenstår. Og medan eg huskar det, det vert konkurranse på heimesida om eit par dagar. Roger og Knut lovar heftige premiar. Vel, vel. Arbeidet ventar. God natt.

Odd-Erik i opptak

Baren er open!

Tors.11.10.01.
Laila er i ferd med å bygge opp eit voldsomt raseri mot takfolket. Satanistanes utgåve av fuglesong kan gå ein kvar på nervane. Sjølv sov eg forrsten bra... I morgon lovar dei oss ei litt pirrande motorsag i gryinga. Jau!

Arbeidsdagen starta med besøk. Avisbesøk. Firda troppa opp med to mann, og var her i fem-seks timar. Hyggjeleg det. Av musisering har vi gjort grunnskissa til den lettare absurde orgelmelodien "klovnefjes" der vokalist Lothe spelar fretex-orgel(!) Veldig nervøs og usikker på seg sjølv, men resultatet blei ok. Puh. Vidare har Fred mora oss med energifyllte og oppfinnsomme gitarpålegg. Fint. I kveldinga, etter Roger si fyldige, friske, feberaktige meksikanske tomatsuppe med kylling, starta vi arbeidet med "himmel og hav". Arbeidet vart stansa av ein klarsynt produsent, som påpeikte at andre innfallsvinklar er naudsynt. Vi ventar i spaning på ein gjest som skal hjelpe oss med dette. Det er natt. Ungane er aleine heime. Yngve har reist til den store byen for å gjere ærend. Natta er ung. Baren er open.

NRK team Arve Uglum

Fred anar ikkje kva effekt han skal ha...

Fre.12.10.01.
Jauda. Helvetane held fram. Belsebubs morgonfuglar. I dag: motorsagmassakren 5. Vel, vel. Nokre søv delvis gjennom støyen, andre ikkje. Etter å ha spylt skroget, venta møtet med eit team frå NRK beståande av Arve Uglum. Radioreportar, kameramann og journalist, alt i eitt. Som sagt, det er kjekt med besøk. Og kjekk var og karen frå inste sogn.

Den frislepte barneflokken som prøvar å spele inn ei plata, fekk i lekse av den bortreiste produsenten å klargjere ein ny låt for innspeling. Med nød å neppe klarte ungeskokken å få gjort ferdig dei fyrste utkasta før Yngve var i hus. Gjengen var entusiastisk, og ganske så forelska i materialet dei jobba med. Songen "kjærleik og luft" blei seinare innspelt med stort hell, og ligg no og kviler seg i harddisken til Yngve. Berre litt krydder manglar før låta er komplett. Låta blei fin, verda er vakker, menneska er skjønne, himmelen høg, natta mjuk, havet stort. Livet er kort og godt fint på Skogsborg. Vi padlar oss vidare inn i nattemørke og gjer kanskje litt vokal-arbeid før vi tørnar inn. I morgon er det laurdag. Helvetane har fri. zzzzzzzzzzzzz

Sola skein inn glaset klokka 0900

Yngve og Knut diskuterar for og imot køntri

Laur.13.10.01.
Lyset kraup kvitt og stille inn vindauget i dag. Stille, stille. Proleteriatet har fridag. Deilig. Vi derimot har hatt ein vanleg arbeidsdag. Faktisk uvanleg effektiv. Etter ein solid frukost, var det Fred sin tur til å virkelig gje jernet. Mykje godt gitararbeid vart gjort. Faktisk så mykje at Fred bortimot har gjort seg ferdig for denne innspelinga. Bortimot vel og merke.
Mykje gjenstår sjølvsagt for oss alle. Noko av dette starta vi på etter ein tradisjonell laurdagsgraut. Som ei avrunding av måltidet hadde vi fotballkamp på grasområdet utanfor huset. Eit suverent lag beståande av Yngve og Odd-Erik banka jumboteamet Laila/Roger grundig ned i raggsokkane. Jau. Friskt.
Vokal-pålegg og andre raritetar. Blandt raritetane må Knut sin omgang med ein noko tvilsom klarinett, vere noko av det mest morosame innslaget i innspelinga så langt: Forvokst trommeslagar møter liten melodipinne med uanstendige forslag. Strålande! Vidare vart ei heidundrande chilli- og kvitlauks-bombe av kyllingmiddag skyllt ned med hyggjeleg leskedrikk. Til dessert hadde vi selskapsleikar i regi av Knut. Det finns mykje moro i ei stoppeklokke og ungdomskulenostalgi. Som eit alternativt nachspiel vart fyllekor kor til "frøken fryd" songe inn. Stor moro. stor lykke. Storveis. I morgon ventar nok ein stille morgon. Søndagstille morgon. God natt.
Yngve forsov seg i lag med oss andre i dag

Roger og Knut laga god og sterk kyllingrett

Søn.14.10.01.
Vi forsov oss ei lita teskje i dag. Men då vi fyrst slo opp augene, var det til var det til ein milevid, solblank haustdag. Det er synde å seie det, men austlandet kan også vere vakkert. Svært vakkert. Jau.

Vi har hatt besøk i natt. Ho er her framleis. Journalisten, vennen og det fagre kvinnemennesket Åse Skjølberg. Her representar hon fyrst og fremst Bergens Tidende og Fjordenes Tidende. Nok eit hyggjeleg besøk. For fyrste gong vert desse notane gjort medan det enno er lys dag. Vi er difor berre i gryinga av ein arbeidsdag. Vel og merke blir dagen i dag ein kort dag. Kveldinga byr på middag i Oslo samt konsert med verdens kanskje beste rockabilly-gitarist, Brian Setzer. Vi gler oss som julenissar!

Planen i dag er forøvrig å få tid til litt dingeldangel frå Knut, nokre basstonar frå Roger og strupelydar frå dagbokforfattaren. Så ber det rake vegen til storbyen. Rockabilly. I morgon startar det uønska orkesteret opp igjen øvingane sine på taket. Hurra. Bedøvelse vert kanskje naudsynt. Trur det skal gå bra. Takk.



Trykk [her] for å gå til veke 2 av innspelinga.

[Tilbake til hovudside]