|   |
"Interne konfliktar"06.06.07Les meir om konflikten her: [Sogn Avis] [Firda] "2005"15.02.05Fabel har hatt samtalar og kommet fram til at dei ynskjer å få til eit kreativt seminar og ein liten turné hausten 2005. [Roger Allan] har akkurat sluppet sin debut ep, Odd-Erik er i innspurten av sitt solo album, Laila Beathe har akkurat gjort ein turné med eige band og planlegg innspeling av album utpå våren, Knut er jamnt og trutt på turné med "Funky Butt" samt "Rubbel og Beat" og Fred er mykje i Brüssel grunna jobben. Som de skjønar ligg ingen på latsida og det er heller ikkje lett å finne felles tid. Ein ting er likevel sikkert; gruppa ynskjer å komme ihop igjen, skrive nytt materiale samt møte sitt publikum igjen. "FRIÅR"23.02.04Året 2004 vert eit "friår" for bandet Fabel. Medlemmane er opptekne med andre prosjekt og ynskjer meir fokus på dette. Det ventast at Roger Allan slepp EP med eige materiale til hausten og at Odd-Erik kjem med eit soloalbum i løpet av året. Laila Beathe heldt sin fyrste solokonsert for fullt hus på "Den Stundesløse" før jul og planlegg fleire jobbar dette året. Knut spelar mykje med Funky Butt samstundes som han turnerar mykje for Rikskonsertane. Fred på si side jobbar hardt og trufast i Brandmanagement.no. Her kan du lese eit intervju med Roger Allan på UKM 2004 sine sider. PAUSE25.08.0316. August spelte Fabel på festivalen Målrock i Årdal. Denne jobben vart ein stor opptur for bandet og det faste publikum svara med å seie at dette var noko av det beste dei hadde høyrt på lenge. Påfylgjande fredag var det kyrkjekonsert i Eikefjord og 250 personar gjorde sitt til at det vart ein konsert iallefall bandet vil hugse lenge. "Særs, særs hyggeleg" kvitterar Knut Lothe til fabel.net MAITURNÈEN15.05.03Fabel takkar alle som kom på konsertane og gjorde sitt til at dette vart ein hyggeleg turnè. Bandet ynskjer samstundes å takke gitarist Ståle Wick, keyboardist Torbjørn Ellingsen og lydmann Børre Leinebø for godt samarbeid og hyggeleg lag! Våren 200308.02.03Fabel har vakna frå ein lang (!) ferie og nye planar vert i desse dagar lagt for våren og sommaren 2003. I fyrste omgang vert det nokre enkeltjobbar før gruppa legg ut på ein "miniturnè" i Mai. Det er usikkert kor desse jobbane blir per idag men vi kan røpe at heimfylket, Oslo og Bergen skal få besøk. FYLKESKULTURPRISEN 200209.12.02Sogn & Fjordane Fylkeskommune har tildelt Fabel fylkeskulturprisen 2002 for bandet sitt arbeid gjennom 4 album. I tillegg til heder og ære, god middag og fuktig lag fekk gruppa 40 000Kr til den skrantne bandkassa si! NORSKTOPPEN04.05.02Låta [På tide] gjer det etterkvart betre på [Norsktoppen] I sin 10. uke går den opp til andreplass. VÅR OG SOMMAR17.04.02Innspelinga til "Absolutt Norsk" er unnagjort og programmet skal gå siste helga i juli. Dei som vil oppleve Odd-Erik spele på stoveorgelet sitt til 650Kr bør fylgje spesielt med. (Det same orgelet nyttast fleire gonger på albumet Smil...) Fabel nyttar elles tida no til å planlegge ny singel frå albumet samt fleire jobbar for hausten 2002. TURNÈEN OG NORSKTOPPEN12.03.02Meir folk, god stemning og veldig bra platesalg vart kjenneteikn på alle jobbane Fabel gjorde i samband med platesleppet! Takk til alle arrangørar og publikum. Bandet jobbar no med nye datoar utover våren... Låta "På tide" ligg førebels på ein 6. plass på [Norsktoppen] Du kan gje oss din stemme ved å ringe 829 47 747 og taste 6 eller sende SMS til TOPPEN 6 til: 1987 (NB! stem f o m søndag kl 22.05 t o m mandag morgen) STAVANGER OG HAUGESUND27.02.02Haugesunds Avis trilla også fram ein femmar i denne kritikken [her] (Du må finne fram til musikksida) og Stavanger Aftenblad har ein flott omtale av plata [her] På tide med ein spelejobb i desse byane... TV2 OG SMUGET26.02.02Fabel skal vera med i God Morgen Norge på TV2 fredag 1. mars og spelar same kvelden på nyopninga av storscena (Storm P) på Smuget i Oslo! Smuget kom med førespurnad om Fabel ville gjere to konsertar der, etter at showet til Otto Jespersen er ferdig. Jobbane i Årdal og Sogndal denne veka gjekk veldig bra med godt oppmøte og platesalg. Fabel takker alle som kom! Ifrå platelageret får dei også melding om at nesten 3000 plater er ute... FEM I DAGBLADET, AFTENPOSTEN, OG AVISA NORDLAND19.02.02Tre aviser har i dag gitt albumet smil ein femmar. Desse er [Dagbladet] [Aftenposten] og Avisa Nordland. Gårsdagens plateslepp på Rick's i Bergen vart meget godt besøkt og særs vellukka. I dag kan ein sjå store oppslag i både BergensAvisen, Bergens Tidende og Firda samt innslag på TV Hordaland!
Samstundes som platesleppet gjekk sin gong sendte Absolutt Underholdning på TV2 eit innslag om musikkvideoen som Fabel hadde laga til låta "på tide".
FEM I VG OG TV JOBB15.02.02VG trilla fram ein femmar i denne særs positive kritikken som du kan lese [her] Det er bestemt at Fabel blir med i neste runde av Rune Larsen sin serie Absolutt Norsk. Opptaka der skal skje i byrjinga av april men det er ikkje bestemt kor tid det blir sendt. Vi lovar å fylgje opp. FØRPREMIERE OG UTSOLGT KONSERT11.02.02 (Laila sin bursdag)Fabel hadde forrige helg ein liten tjuvstart med to vellukka konsertar i Volda og på Eid. Responsen på låtane frå det nye albumet var over all forventning. Samstundes gjorde bandet intervju for NRK Sogn & Fjordane, Firda, Fjordenes Tidende, Fjordabladet, Nær TV i Volda og P4. Dei fekk også den hyggjelege beskjeden om at den komande konserten i Sogndal vart utsolgt på 1 1/2 time! PLATESLEPP SMIL07.02.02 |