Medlemmane


Odd-Erik Lothe

Odd-Erik Lothe (song og gitar)
f. 25. mars 1972

Odd-Erik vaks opp under trygge tilhøve i Kjølsdalen i Nordfjord; ei lita bygd i utkanten av utkants-Noreg. Bygda er prega av sterke tradisjonar innan jordbruksnæringa, og byr sine innbyggjarar på vakker natur. Odd-Erik er hovudmannen bak Fabel sine ord og tonar, og har ilag med Knut eit overordna ansvar for grunnideane i studioarbeidet. Eit av dei svakara sidene hans, er derimot all anna form for organisatorisk arbeid. Dette har han gjennom kaotiske erfaringar blitt nekta av dei andre medlemmene å ta del i. Utdanninga si tok han i Sogndal, der ei 5-årig lærarutdanning vart fullført.. Forutan å vere medlem av Fabel og aktiv lærarvikar, bidreg han også meir eller mindre musikalsk i orkestera Finn-Erix, og Green Granadas, samt at han understøttar lyrikar Jon Hjørnevik så godt han kan. Han er idag busett i Bergen.
[send e-post]

Roger Allan Ivin

Roger Allan Ivin (bassar og kor)
f. 18. desember 1975

Roger Allan vaks opp i Balestrand, Hafslo og Sogndal. Mykje av tida si i desse vakre sognebygdene tilbrakte han på ymse hotell, då opphavet hans sysla med slike ting. Det var likevel eplebygda Sogndal, som til slutt fekk æra av å kunne kalle seg heimbygda hans. Roger Allan er medkomponist, tingingsanvasrleg og den store organisatoren i Fabel. Merkelappen ?ordensmenneske? kler denne servicevenlege karen. Det musikalske fundamentet sitt la han på Firda vidaregåande skule, der han var elev på musikklinja. Roger Allan er for ti da busett i heimbygda Sogndal etter to år i Bergen. Ved sidan av Fabelmedlemskapet er han aktiv i schmellabillybandet Green Granadas. Dessutan er Roger Allan sine evner som låtskrivar, arrangør og musikar tilstades i ei gryande karriere som popsolist. Les meir om dette og hans nystarta firma FunctionalSound.com [her]
[send e-post]

Laila Beathe Førde

Laila Beathe Førde (saksofonar, fløyte og song)
f. 11. februar 1975

Laila vaks opp på øya Bremangerlandet i Bremanger; eit vilt og vindskift stykke fedreland. Bremangerlandet er prega av fiskerinæring, ramsalte naturopplevingar og musikalitet. Staden er årleg åstad for det populære arrangementet Bremanger Rockweekend, og var ein gong tilhaldsstad for noregs største rockeklubb. Laila er einsleg kvinne i Fabel, og bidreg med viktig feminin ballast i eit ellers mannsdominert miljø. I stadig større grad er Laila ansvarleg for utforming av blåse- og korarrangement. Si musikalske utdanning starta ho på Firda vidaregåande skule. På Viken Folkehøgskule og sidan musikkkonservatoriet i Kristansand, bygde ho eit vidare grunlag for utvida musikalsk forståelse. Laila har ein svært allsidig musikalsk bakrunn frå korps, kor og ulike bandkonstellasjonar, noko ho til Bremangarsamfunnet si store glede enno held i hevd. I tillegg til dette må det nemnast at Laila er ein svært så habil vokalist med eit uttal av stillartar på repertoaret. Laila er for tida busett i Bergen der ho er igong med solokarriera samt at ho jobbar i utelivsbransjen.
[send e-post]

Fred Noralf Os Stave

Fred Noralf Os Stave (gitarar)
f. 14. april 1972

Fred vaks opp på Nordfjordeid; knutepunktet i Nordfjord. Mellom ras og fantestrekar i Prestemarka, blei det til slutt musikar av guten. Noko overrasking var dette ikkje, då familien hans er sterkt belasta med musikalske evner. I Fabel er Fred den store realisten, som funger som eit bindeledd mellom Fabelverda, kapitalkreftene og vaksenlandet. Fred har ôg bidrege med fleire komposisjonar til Fabel sine utgjevingar. Grunnlaget for den musikalske karriera vart lagt på Firda vidaregåande skule. Seinare gjekk den musikalske utdanningsvegen innom Viken Folkehøgskule og universitetet i Oslo. Det er likevel markedsstudier som har ført Fred fram til det virke han hovudsakleg har i dag. ( Ingen i Fabel veit eigentleg kva jobben hans går ut på, men han tjener sikkert mykje pengar.) I tillegg til å vere markedsmann og gitarist i Fabel, har Fred delteke i eit uttal av bandkonstellasjonar, der gruppa Blåmann spesielt må nemnast. Fred er i dag busett i Oslo men pendlar mykje til Brüssel.
[send e-post]

Knut Lothe

Knut Lothe (trommer, perkusjon og kor)
f. 30. desember 1972

Knut vaks opp i Bodø; kulturbyen med det straumville hjertet og dei kraftige lungene. Kraftpluggen Knut debuterte tidleg, og bestemte seg raskt for å bli trommeslagar. I Fabel er Knut den store humoristen og gledesspredaren. Sjølv meinar han at han er den artigaste trommeslagaren i Noreg. Tittuleringa er vel heller tvilsam, men det er uansett ikkje tvil om at han er ein av dei mest musikalske og kreative. Knut er svært delaktig i arrangerings- og studioprosessar, og fungerar ofte som bindeleddet mellom Fabel og produsent. Vegvalget til Knut har ført han frå korpsmiljø i Bodø, via Toneheim Folkeøgskule, til musikkstudier ved Norges Musikkhøgskole. Knut er grundig utdanna frå sistnemde institusjon, og er i dag ein mykje nytta musikkpedagog. I tillegg til dette, kan band og syslar so m Funky Butt, Guuf og Det Berlitzske Reiseorkester nemnast. Knut er no busett i Fredrikstad.
[send e-post] [heimeside]


[Tilbake til hovudside]